Per Sævik fyller 80 år:

Skaparlysta har gitt 3000 arbeidsplassar

Skaparlyst, vilje til risiko og sterkt forvaltningsansvar er viktige grunnar til at Per Sævik har lykkast med forretningane sine, meiner økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten.

Eigenskapar: Per Sævik har ein del gode personlege eigenskapar som gjer at han har lykkast med utvikling av mange arbeidsplassar, meiner økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten.   Foto: Havila

Næringsliv

Når Havila Kystruten er i full drift, vil Havilagruppa med selskapa der Havila eig over 50 prosent, ha nesten 3000 tilsette, ifølgje pressemeldinga som er sendt ut i samband med at Per Sævik no rundar 80 år.