Den aller siste Sunnmøringen

Om du ikkje har kjøpt avisa Sunnmøringen før, så bør du gjere det i dag, torsdag. Då kjem aller siste utgåve ut.

Redaksjonen: Desse tre laga onsdag siste utgåve av lokalavisa Sunnmøringen. Frå venstre journalistane Ingrid Hjellbakk Kvamstø og Eivind Louis Helset (med eit eksemplar frå 1946) - og vikarierande redaktør Johan Behrentz. 

Næringsliv

– Forstyrrar du oss no, midt i innspurten? spurde ein lettare stressa Johan Behrentz då vi tok kontakt onsdag.