Motvind meiner dei bryt lova – slik svarar det canadiske selskapet

Canadiske Enbridge seier at dei møter alle miljøkrav, og at Havsul 1 vil vere eit gode for Nordvestlandet. Motvind fryktar for sårbare bestandar av sjøfugl og fisk.

Opsjonsavtale: Enbridge er ikkje konsesjonær, men har opsjon på å kjøpe opp Havsul 1 om prosjektet vert realisert. Biletet er frå Horns Rev i Danmark, der møllene er plassert tettare enn det som er planlagt for Havsul1.  Foto: Illustrasjonsfoto: Havgul

Næringsliv

Motvind Nordvest trugar med rettssak dersom Olje- og energidepartementet godtar utsett frist for Havsul 1-utbygginga frå 31. desember 2020 til 2025.