Fiskestrid i retten:

Må betale for kinesisk agent

Nye Giske Havfiske gjekk til sak for å få betalt tilbake det Atlantic Holding hadde betalt i provisjon til ein kinesisk agent, men har ikkje fått medhald i retten.

Fiskesal: Fisk frå trålaren «Atlantic Viking» blei seld i Kina ved hjelp av ein kinesisk agent som fekk provisjon av salet, noko reiarlaget meinte det ikkje var avtalt at dei skulle betale. No slår retten fast at dei må betale. Arkiv  Foto: Line Helgesen

Næringsliv

Nye Giske Havfiske saksøkte sin tidlegare samarbeidspartnar Atlantic Holding for 1,3 millionar kroner, men Sunnmøre tingrett har konkludert med at ingen av partane har vunne saka som handla om ulike forhold rundt fiskesal.