Blir pensjonist frå nyttår av

Toralv Klokkehaug har arbeidd hos Fylkesmannen, undervist på vidaregåande skule, vore landbrukssjef i Skodje, Ørskog og Stordal - og sidan 2006 vore næringssjef i Norddal, seinare Fjord kommune. Men no blir han pensjonist.

Pensjonist: Toralv Klokkehaug, næringssjef i Fjord kommune, blir pensjonist frå nyttår av (Arkivbilde).  Foto: Terje Engås

Næringsliv

– Det er ei glede å sjå kor mange som no satsar på vidareforedling av landbruksprodukt og som verkeleg satsar. Det er eit framtidig perspektiv og ein trend i tida – og då får du fleire bein å stå på, seier Toralv Klokkehaug til Storfjordnytt.