Legendarisk utestad til sals

Då Idar Seth tok over Ridderkroa i Tresfjord på starten av 1990-talet, var det dans her kvar fredag og laurdag. Det har det blitt mindre av. Dei siste åra har han satsa meir på overnatting. Men no vil han selje.

Tresfjord: Ridderkroa ligg inst i Tresfjord, i Vestnes kommune.   Foto: Notar

Næringsliv

– Eg tok over her i 1991. No ønsker eg å pensjonere meg, seier Idar Seth til Sunnmørsposten.