Nedgravne underbukser gav viktige svar

Underbukser av bomull vart gravne ned på dyrka mark. Nokre månader seinare skulle dei fortelje om jordsmonnet.

I pakka jord: Denne underbuksa som gardbrukar Kari Raanes på Averøya held fram har lege i pakka jord like ved eit fôrlager, og er nesten like heil. Til høgre ektemannen Arnstein Dragsten.   Foto: Gunn Randi Fossland / Landbruk Nordvest

Næringsliv

– Jo mindre det er igjen av underbuksene, jo større biologisk aktivitet er det i jorda. Og det er bra for bøndene som skal dyrke. Det forklarer Maud Grøtta. Ho er rådgjevar i Landbruk Nordvest.