Hofseth fortalde om lakseoppdrett i fjellhallar

Håper på klarsignal om eitt år

– Eg fekk berre positive tilbakemeldingar. Kven kan vere i mot dette? spør ein ivrig Roger Hofseth. Måndag kveld var det digitalt folkemøte der han fortalde om planane for eit digert produksjonsanlegg for laks i store fjellhallar i Røbbervika i Storfjorden.

Anlegg: Slik ser dei ferskaste skissene for gigantanlegget i Røbbervika i Storfjorden ut.   Foto: Artec Aqua

Næringsliv

– Vi håper både søknaden om konsesjon og reguleringsplanen er ferdig i desember 2021. Eg håper no personleg alltid at alt skal gå raskare enn det brukar å gjere. Men dei som arbeider med slike oppgåver heile tida meiner at saka kan vere klar til politisk avgjerd ved neste årsskifte.