Hareid-selskap med ny brønnbåt

Hareid-selskapet Intership har bestilt ein ny brønnbåt som blir levert i fjerde kvartal 2022. Det skriv selskapet i ei pressemelding.

Grøn brønnbåt: Kontraheringa av ein brønnbåt med ein av marknadens største batteripakkar er eit steg på vegen mot ein grønare profil, seier dagleg leiar i Intership om dette fartøyet. 

Næringsliv

Fartøyet er designa av Salt Ship Design og skal byggast ved verftet Zamakona Yards Bilbao i Spania. Båten vil ha ein laste kapasitet på 2.500 kubikkmeter.