Sunnmørspostens næringslivspodd «Mar»

Første episode: Store eksportverdiar i fare etter Brexit

Storbritannia og Norge forhandlar om ein frihandelsavtale. Resultatet vil få stor betydning for dei fleste sektorar, særleg dei eksportretta næringane.

Drøfta Brexit: Lisa Leinebø Pinheiro (salssjef i Phl Seagold, Tarjei Engeset Ofstad (journalist) og Richard Wood (til høgre, Storbritannias ambassadør til Norge).  Foto: Sverre Olav Farstad

Næringsliv

Visste du at Norge leverer fisk til over hundre millionar britiske fish'n chips-måltid kvart år? Høyr Storbritannias ambassadør, Richard Wood, og Lisa Leinebø Pinheiro drøfte mogelege skjer i sjøen etter Brexit.

Lytt til epiosden her:



Leinebø Pinheiro er salssjef i familieselskapet Phl Seagold, i same konsern som fiskereiarlaget Leinebris. Ho fryktar store konsekvensar dersom fisken dei sel til Storbritannia vert pålagt toll.

Lokal fiskesalssjef: Lisa Leinebø Pinheiro frå Herøy kjenner Storbritannia og den britiske fiskemarknaden svært godt.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

– Vi risikerer at fisken vår vert for dyr. Då mistar vi ein enormt viktig marknad.

Ambassadør: Richard Wood stilte opp i studio under besøket sitt i Ålesund.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Wood var på besøk i Ålesund der han møtte bedrifter som blant anna Brødrene Sperre og Sølvtrans.

Han understrekar at begge land må kome balansert og godt ut av ein frihandelsavtale.

– Vi forhandlar ikkje berre om fisk men også om bankverksemd, finans, teknologi, forsvarsmateriell. Og ost og biff.

Her er dei ferskaste episodane:



Podkasten «Mar» blir laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad. Kontakt han gjerne direkte på epost tarjei.engeset.ofstad@smp.no om du har tips til gjestar, eller tilbakemeldingar. Lyddesign av Liv-Jorunn Håker. Utgjevar er Sunnmørsposten, og ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.