Ulstein-ordførar Knut Erik Engh:

– Dette er ikkje heilsvart

På få år mista Ulstein kommune over tusen arbeidsplassar. Kommunen er i dag blant dei med høgast arbeidsløyse i fylket, men ordføraren meiner situasjonen ikkje er heilsvart.

Håp: Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) håpar nedbemanninga i Ulstein Group ikkje blir så stor som varsla.  Foto: Nils Harald Ånstad

Næringsliv

– Vi ser at andre deler av næringslivet no seier dei ser ei lysning i situasjonen. Eg vel å vere forsiktig optimist. Dette er ikkje ein heilsvart situasjon, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) til Sunnmørsposten.