SV promoterte «Grøn ny deal» med digitale bedriftsbesøk

Miljøengasjement, offentleg innkjøpsmakt og lokal kompetanse. Det er stikkorda frå SVs digitale bedriftsbesøk på Sunnmøre.

Møte mellom sunnmørsk næringsliv og SV Jan Endre Vartdal (til venstre) var ein av bedriftsleiarane som møtte SV og deira næringspolitiske talsperson, Torgeir Knag Fylknesnes.  Foto: Til venstre: Staale Wattø. Til høgre: Berit Roald

Næringsliv

Det grøne skiftet var hovudtema, og nestleiar og næringspolitisk talsperson i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, og stortingskandidat for Møre og Romsdal SV, Birgit Oline Kjerstad, møtte ferdigvarebedriftene Jets Vacum på Hareid, Vartdal Plast på Vartdal og Ekornes i Sykkylven.