Pangstart for nyopna Ringstad Blomster:

– Nesten så vi ikkje hadde blomar att

Ei veke etter at Ringstad Blomster opna dørene igjen – er det framleis god pågang hos den tradisjonsrike verksemda. Den nye eigaren er naturlegvis veldig godt nøgd.

Godt nøgde: Blomsterdekoratør Ida-Marlen Leine (t.v.) og dagleg leiar og eigar Viktoria Hareide fortel at det har vore stor pågang etter nyopninga av Ringstad Blomster onsdag i forrige veke.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, Vikebladet/Vestposten

Næringsliv

(Vikebladet Vestposten): Tysdag 2. februar signerte Viktoria Hareide og tidlegare eigar Greta Flø salskontrakten – og med det var Viktoria eigar av tradisjonsrike Ringstad Blomster. Ei verksemd som er eit godt kjent innslag blant butikkane i Ulsteinvik sentrum.