Olympic Prawn hadde si aller første lossing av fangst i Ålesund:

Vellykka første fisketokt for effektive Olympic Prawn

Fredag vart det jobba med å få 750 tonn frosen kvitfisk frå Remøys drivstoffgjerrige, nye fiskebåt i land.

Kan puste ut: Driftsleiar Jakob Maron Remøy er glad for å kunne delegere stadig meir ansvar til mannskapet, no når båten er testa og i full gang med fiske.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Næringsliv

Herøy-reiarlaget Olympic sin splitter nye trålar Olympic Prawn ligg og lossar i Gangstøvika i Ålesund.