Sel hytter og tomter som aldri før:

Flytta inn i ny hytte til vinterferien

Over heile landet blir det meldt om hytteboom. Familien Kvalsvik Jensen frå Herøy fekk flytte inn i si splitter ny hytte til vinterferien.

Hytteferie: Margareth Kvalsvik Jensen og Odd-Arve Jensen og barna Konrad (11), Oskar (8) og Kristine (6) har teke i bruk si nye hytte og storkosar seg der i vinterferien . Søskenbarna Anna Celina (10) og Eivind Kvalsvik (13) frå Spjelkavik er på besøk.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Familien Kvalsvik Jensen frå Torvik i Herøy er blant dei mange som har bygd hytte siste året. Den nøkkelferdige hytta i Harevadet i Hornindal blei akkurat klar til bruk til vinterferien.