Frostating lagmannsrett:

Oppfinnar tapte krav om royalty

I tingretten blei oppfinnaren tilkjent sju millionar kroner, men summen er kraftig redusert etter at Frostating lagmannsrett har vurdert saka.

Oppfinning: Lagmannsretten slår fast at Arthur Lyngøy åleine er oppfinnar av eit produkt kalla SuperSmolt Feed Only, men han har ikkje krav på royalty. Illustrasjon  Foto: Gorm Kallestad/NTB

Næringsliv

Den ålesundsbaserte oppfinnaren Arthur Lyngøy vann søksmålet han retta mot eit fiskefôrkonsern i Nordland då saka var oppe for Sunnmøre tingrett. Tingretten meinte han hadde krav på royalty for ei oppfinning han gjorde då han var tilsett i konsernet.