Måtte tappe tom Zakariasdammen ein gong til

For to år sidan tømde Tafjord Kraftproduksjon Zakariasdammen i samband med vedlikehaldsarbeid, og sa det ville bli 25 år til neste gong. No har dei gjort det igjen.

Tom dam: Zakarisdammen er no tømd heilt for vatn.   Foto: Torkjell Døving

Næringsliv

– Då vi tømde for to år sidan vart vi overraska av ein uvanleg varm april månad og langt tidlegare snøsmelting enn vi kunne førestille oss. Det var jo 26 grader her, minst, i slutten av april. Difor fekk vi ikkje gjort oss ferdige.