Guttelvik vil ta rekning for ny fv 60:

– Dette viser at vi har kome inn i eit fylke som skjønar seg på utfordringane

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal tilrår at fylkeskommunen tek heile rekninga for reguleringsplan fv 60 frå Tomasgard til Røyrhus bru.

Elendig veg: Fylkesveg 60 gjennom indre Hornindal er smal og av dårleg valitet. No vil fylkeskommunedirektøren fullfinansiere reguleringsplanen for ny fv 60 Tomasgard-Røyrhus bru.  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Næringsliv

(Fjordingen) Det går fram at tilrådinga til samferdsleutvalet sitt møte onsdag. Her legg fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik fram sak om finansiering av reguleringsplan for den lenge etterlengta vegstrekninga.