Klare for å satse på hydrogen: – Eit spørsmål om å kome i gang

Hofseth, Flakk, Fiskerstrand og HAV Group meiner staten bør dekke ein større del av ekstrakostnadene for gode hydrogenprosjekt – i startfasen. Dei får politisk støtte regionalt.

Skal nytte vasskraft: – Vi skal bruke delvis innestengt vasskraft, seier Knut Trygve Flakk om den planlagte hydrogenfabrikken på Hellesylt.  Foto: Terje Engås (arkivbilde)

Næringsliv

Torsdag formiddag hadde ei rekke viktige personar innanfor politikk og næringsliv på Nordvestlandet digitalt møte med statssekretær Mathias Fischer (V) i Klima- og miljødepartementet.