Arkitektfirma med millionsøksmål mot Loen Skylift

Arkitektfirmaet som teikna Hoven Restaurant og Fjordbygget i Loen har saksøkt Loen Skylift AS for over ein million kroner. Denne veka møtest partane i retten.

Arkitektur: Loen Skylift opna i 2017. Sivilarkitekt Eva Eide Koefoed hadde det arkitektoniske ansvaret for Hoven Restaurant som ligg på 1000 meter høgde over Nordfjorden.   Foto: Terje Pedersen/ NTB

Næringsliv

Sivilarkitekt Eva Eide Koefoed har i fleire år hatt samarbeid om arkitektur og interiør på Grov-familien sine bygg i Loen. Då Loen Skylift skulle byggast, fekk ho det arkitektoniske ansvaret for Fjordbygget og Hoven restaurant.