Optimar slår ordrerekord

Sunnmørsbedrifta Optimar kan notere seg ordrar på over 600 millionar kroner i første kvartal. Det er ny rekord. Samtidig tilset dei ny salsdirektør.

Sender ballen vidare: Peder Stette og Irene V. Mjelde har mykje å snakke om. Mjelde overtar for Stette som salsdirektør, og får her ei lita omvising i produksjonsanlegget på Valderøya.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Næringsliv

– Det har aldri skjedd i selskapets historie før, at ein har hatt slike ordreinngangar på eit kvartal. Dette er eksepsjonelt for ein utstyrsleverandør til fiskeindustrien, seier avtroppa salsdirektør Peder Stette til Sunnmørsposten.