Eldsjela bak klosterplanane i Valldal:

Nektar å gi opp håpet

30 år etter at han starta prosjektet, med opp- og nedturar, skepsis og alvorlege skuldingar mot leiarane i Hellas, har politikaren Arne Sandnes framleis ikkje gitt opp håpet om eit greskortodoks kloster på Syltefjellet.

I Romania: Arbeidet for eit kloster på Syltefjellet i Valldal har pågått i over 30 år, og det har vore fleire kommunale delegasjonar til utanlandske klostre. Her er ordførar i tidelgare Norddal kommune gjennom 18 år, Arne Sandnes, i Bucuresti saman med abbedisse Thavoria, opprinneleg frå Ørskog.   Foto: Medieoperatørene

Næringsliv

Onsdag kveld har dokumentarfilmen om nonnene i Valldal og klosterplanane i den vesle jordbærbygda TV-premiere på NRK1.