Ferjekaptein har saksøkt Fjord1

Erlend Lindseth meiner han er usakleg oppsagt i Fjord1. No har han saksøkt ferjeselskapet, med krav om at han får jobben tilbake.

Rettssak: Erlend Lindseth var siste to åra skipsførar på reserveferja «Hjørundfjord» som her ligg til kai i Ålesund. – Eg har gjort alt for Fjord1, seier Lindseth som no håpar å vinne fram mot ferjeselskapet i retten.  Foto: Marius Simensen

Næringsliv

I fleire år har Erlend Lindseth frå Ålesund jobba for Fjord1. Først som vikar, men i 2008 blei han tilsett som navigatør. Sidan 2012 har han vore ferjekaptein.