Sjømatgrossisten Silver Seafood AS på Midøya vart starta av søskenbarna Jim Martin Sørlie og Preben Jenset Godø i 2012. Dei var då i første halvdel av 20-åra. Med ein far og ein onkel i ryggen, begge fiskarar, realiserte søskenbarna sitt store ønske: å starte ei bedrift som kunne ta imot, vidareforedle og omsette forholdsvis eksklusiv sjømat.
Silver Seafood tar grossist-posisjon i fylket
Før var dei først og framst eksportørar. No skal Silver Seafood levere sjømat til lokale institusjonar, hotell og restauranter – deriblant Sabrura.
Gründer-duo: Preben Jenset Godø (til venstre) og Jim Martin Sørlie er gründerane bak Silver Seafood. I løpet av dei åtte åra som har gått har selskapet vekse kraftig. Foto: Joachim Høyer / Romsdals Budstikke
Næringsliv