Tysdag går denne båten til Skottland i håp om arbeid på både kort og lang sikt:

– Positiv utvikling

Det seier Tommy Walaunet, administrerande direktør i Island Offshore. «Island Defender» har vore i opplag sidan seint i fjor haust – men tysdag ettermiddag seglar båten mot Aberdeen.
Næringsliv

(Vikebladet Vestposten): I den kjende skotske hamnebyen skal «Island Defender» opphalde seg, medan mannskapet ventar på eventuelle oppdrag i spotmarknaden. «Island Defender» har vore fortøydd på Borgstein i Ulstein sidan seint i fjor haust, i kaldt opplag.