Meir arbeid for Green Yard Kleven:

Denne offshoreveteranen blir neste skip som skal resirkulerast

Offshoreveteran: «Skandi Admiral» på sin siste seglas tysdag formiddag, like utanfor Skeide, før den skulle inn til Green Yard Kleven. Der skal offshoreveteranen resirkulerast.  Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, Vikebladet Vestposten

Næringsliv

(Vikebladet Vestposten): – Dette blir vårt første verkeleg store resirkuleringsprosjekt, seier Karl-Erik Sæbønes, produksjonsansvarleg ved resirkuleringsavdelinga til Green Yard Kleven.