Rettssaka etter K A Aurstad-konkursen

Banken frykta overføring av verdiane til nye selskap

DNB såg at Aurstad rigga nye selskap og frykta at dei gode elementa blei overført til søsterselskap, og at K A Aurstad ville ligge igjen med broten rygg.

I retten: Maskinentreprenørselskapet K A Aurstad i Ørsta gjekk konkurs i desember 2018. Arkivfoto. 

Næringsliv

Dette kom fram då Stian Øvestad i DNB vitna i rettssaka mot Cato Aurstad torsdag.