Utvidar søknadsfrist for kommunal kompensasjonsordning

Kommunen har fått tildelt meir midlar som skal kunne avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. 

Utvida frist: Inger Synnøve Remme, næringssjef i Ålesund kommune, seier at dei som allereie har søkt ikkje treng å gjere noko, men at fristen no blir utvida for dei som ikkje enno har søkt.  Foto: Ålesund kommune

Næringsliv

Ålesund kommune har no fått tildelt 8.163.000 kronar i ordninga som skal fungere som ein kommunal ventil, for å kompensere lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Dette kjem på toppen av 6.114.900 kroner som kommunen allereie har fått til same formål. Altså nesten 14.3 millionar til saman.