Stor korona-svikt for tekstilbedrift

Innvik AS fekk i fjor ein nedgang i omsetninga på 14,9 millionar kroner, i høve til året før. Men det vart likevel overskot på tekstilbedrifta i Innvik i Stryn.

Tekstil: Nordfjordbedrifta Innvik AS hadde eit utfordrande år i 2020, men det vart likevel overskot. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Næringsliv

Det viser årsresultatet som er sendt inn til Brønnøysundregistera. Her kan ein lese at omsetninga i fjor landa på 59 millionar kroner, mot 73,9 millionar året før.