Sunnmørspostens næringslivspodkast «MAR»

– Utruleg at gamle Ålesund kommune ikkje hadde ei næringsavdeling

Næringssjef i Ålesund kommune, Inger Synnøve Remme har tatt med næringsvennleg tankegods frå Haram inn i kommunesamanslåinga. Ho gjestar «MAR» saman med Lene Trude Solheim.

Diskuterer den nye næringsstrategien for Ålesund: Frå venstre: Lene Trude Solheim, dagleg leiar i Næringsforeningen Ålesundregionen, journalist Tarjei Engeset Ofstad og Inger Synnøve Remme, næringssjef i Ålesund kommune.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Ny episode:



Ålesund sin nye næringsstrategi er til politisk behandling. Den er viktig for heile Sunnmøre, meiner Næringsforeningen Ålesundregionen sin leiar Lene Trude Solheim. Ho jobba før i Ulstein Group, bur framleis i Ulsteinvik, pendlar til Ålesund og brenn for betre mobilitet og samferdsel på Sunnmøre.

Mobil: Lene Trude Solheim meiner Vestlandet og Sunnmøre sin eksportkraft er sterkt underkommunisert. Ho meiner auka mobilitet er noko av det viktigaste i åra framover.  Foto: Staale Wattø

I denne episoden får du høyre korleis ho og Inger Synnøve Remme meiner vi bør tenke rundt samferdesel og næringsutvikling i regionen.

Næringslivets ombod i kommunen: Inger Synnøve Remme, busett i Brattvåg, tar med seg «Haramsmodellen» til Ålesund, og skal lage ein ny ålesundsmodell.  Foto: Staale Wattø

Remme var tidlegare næringsrådgiver i Haram Næring og innovasjonsforum – Haram er kjent i regionen for det gode samarbeidet dei hadde mellom kommune og næringsliv.

Ho synest det er utruleg at gamle Ålesund, som også var ei stor kommune, ikkje hadde ei næringsavdeling. I episoden får du høyre kva den anerkjente «Haramsmodellen» går ut på.

Fleire episodar: