Konkurs for elektrikarfirma

Selskapet Elek24 på Gurksøy er konkurs.

Elektrikar: Fire tilsette mista jobben etter konkusen i elektrikarfirmaet på Gurskøy. Illustrasjon  Foto: Terje Bendiksby/NTB

Næringsliv

Søre Sunnmøre tingrett har opna konkurs i elektrikarfirmaet Elek24 AS i Myrvågsenteret på Gurskøy. Selskapet melde sjølv oppbod og har opplyst tingretten om at dei har ei gjeld på 4,4 millionar kroner.