Ekornes:

Nytilsette med på ny rekord

Ekornes produserte i førre veke 8971 Stressless-stolar og sofaer. Det er ny vekerekord. For å ta unna alle ordrane er det tilsett 150 nye sidan juni.

Fire nye: Her er fire av dei i alt 150 nytilsette i produksjonen ved Ekornes. Frå venstre Line Amundsen, Jan Kaminski, Adam Figurski og Cecilie Knutsen.  Foto: Privat

Næringsliv

– Rekorden vart feira denne veka med kake og kaffi på fabrikkane våre, fortel produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad til Sunnmørsposten.