I denne bygda vil butikkar halde søndagsope

I fjor sommar fekk Joker Stordal og Coop Prix Stordal lov til å halde ope seks søndagar. No søkjer dei om lov til å halde søndagsope heile året.

Stordal: Her i Stordal ønsker dei to daglegvarebutikkane i bygda å halde søndagsope. (Arkivbilde)  Foto: Fjord kommune

Næringsliv

– Erfaringane frå fjoråret var udelt svært gode. Dei seks nemnde søndagane var det full trøkk frå vi opna klokka 14 til vi stengde klokka 18. Kundane bestod i stor grad av gjennomreisande norske familiar blanda med hyttefolk og etter kvart også frå den fastbuande befolkninga.