Fleire permitteringar ved IP Huse

Lav oppdragsmengde gjer at hjørnesteinsbedrifta IP Huse på Harøya igjen må permittere tilsette.

Permitterer: Morten Hopland ved I.P. Huse AS.   Foto: Johan Behrentz

Næringsliv

– Det stemmer at vi har sendt ut permitteringsvarsel. Vi har dessverre ikkje klart å skaffe tilstrekkeleg arbeid til våre tilsette i perioden vi går inn i, og må difor mellombels tilpasse oss den oppdragsmengda vi har framover, seier Morten Hopland, som er administrerande direktør ved IP Huse, til avisa Nordre.