Har stengt stor bedrift etter koronautbrot

Ni tilsette ved Subsea 7 sin base på Vigra har testa positivt for covid-19. Bedrifta med cirka 250 tilsette er stengt inntil vidare.

Stengt: Måndag var det stengt og ingen aktivitet ved Subsea 7 North Sea Spoolbase på Vigra.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

– Eg kan bekrefte at vi har positiv test på ni av våre tilsette ved basen på Vigra. Dei er i isolasjon, nærkontaktane er sett i karantene og det blir jobba med smittesporing, seier kommunikasjonssjef Jan Roger Moksnes i Subsea 7.