Lærer folk å meistre stress i kvardagen

Korleis takle jobbstress, søvnproblem og bekymringar? Hanne Suorza i Sykkylven har vore med og utvikla ein app med strategiar for å takle slike utfordringar. På ti vekene er appen lytta til rundt 40.000 gonger.

Gründer: Hanne Suorza i Sykkylven har utvikla ein app som handlar om å gi hjelp til stressmeistring. No gler ho seg over at appen i løpet av få veker har fått mange nye brukarar.  

Næringsliv

– Vi treffer nok eitt eller anna i den tida vi er i no, med pandemien, seier Hanne Suorza i Sykkylven, dagleg leiar i Mestre AS og ein av gründerane bak appen Mestre.