Opnar skipsverftet gradvis etter massetesting

Vard Brattvaag stengde torsdag ned verftet og sette i gang massetesting for å hindre eit større utbrot av koronasmitte. Måndag starta ei gradvis gjenopning.

Stengt: Skipsverftet Vard Brattvaag i Brattvåg valde å stenge portane torsdag for å få oversikt over smittesituasjonen. Omfattande testing har så langt vist at 16 tilsette er smitta.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Sist torsdag stengde Vard Brattvaag ned verftet etter at det blei oppdaga smitteutbrot av covid-19. Saman med smittevernoverlegen i Ålesund har dei no klar ein gjenopningsplan.