Tysk sjukehus satsar på teknologi frå Sunnmøre

Universitetssykehuset i Göttingen vil bruke Ably Medical i Ålesund sin teknologi når dei no set i gang storsatsing på digitalisering. Målet er å få betre og meir effektiv pasientbehandling.
Næringsliv

Tyskland satsar for tida stort på digitalisering og har sett av 4,7 milliardar euro (ca. 47 milliardar kroner) til digitalisering av sjukehus dei neste tre åra. Og Ably Medical i Ålesund skal vere med på utviklinga.