Direktøren syklar for makrellen

Makrell i tomat-direktøren tar sykkelen fatt for å vise at råvarene er kortreiste, og førebur seg på rettssak.

Sykkeltur: Øystein Rist i Lofotprodukt AS har pumpa opp makrellsykkelen, og kjem til Nordvestlandet 19.mai for å sykle frå Selje til Gjerdsvika, og dele ut smaksprøver undervegs.  Foto: Privat

Næringsliv

– Makrellen vi får er filetert hos Pelagia i Selje. Så eg skal sykle dei sju mila frå Selje til Maritim Food i Gjerdsvika for å vise at han er kortreist. Det skjer 19. mai, fortel Øystein Rist, administrerande direktør i Lofotprodukt AS.