Sjølv om Tormund Grimstad (til venstre) er sjefen, har dei ein temmeleg flat struktur i Nordnes, kor diskusjon vert sett pris på. I midta skipper Webjørn Hansen og til høgre teknisk sjef Chris Remøy. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Stolte av at Nordnes er annleis

Ein islandsk fiskebåt frå 70-talet har blitt deira grøne flaggskip. I Nordnes likar dei å gi både båtar og folk ein ny sjanse.