Vil selje campingplassen sin

Besøket har auka dei siste åra, men tida strekk ikkje heilt til. Difor ønsker Karoline Parthe og Jørn Stadheim å finne nye drivarar, og kanskje også nye eigarar, til campingplassen sin på Hellesylt.

Til sals: Stadheimfossen Camping.  Foto: Fredrik Stadheim

Næringsliv

– Vi har så mykje anna å styre med. Mellom anna gardsbruk og eit maskinentreprenørfirma, fortel Jørn Stadheim til Sunnmørsposten.