Betre år for lokalt bryggeri i fjor

Geiranger Bryggeri AS selde litt mindre øl i fjor, men sat igjen med meir pengar etter at alle rekningar var betalt.

Geiranger: Frank Maråk, dagleg leiar i Geiranger Bryggeri, håpar på godt turistbesøk i bygda i sommar. (Arkivbilde)  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

– Då Norge stengde ned i mars i fjor trudde eg ikkje det kom til å bli overskot i 2020. Men det klarte vi likevel, fortel Frank Maråk.