Vann fram i lagmannsretten:

Får erstatning for usakleg oppseiing

Bedrifta meinte produksjonssjefen ikkje gjorde jobben godt nok og sa henne opp. No har to rettsinstansar kome til at kvinna blei usakleg oppsagt.

Usakleg: Ei bedrift på Sunnmøre er dømd for usakleg oppseiing av ei kvinne og må betale til saman 900.000 kroner i erstatning og sakskostnader. llustrasjon  Foto: Berit Roald / NTB

Næringsliv

Sunnmøre tingrett kom til at oppseiinga var ugyldig og at kvinna skulle få 40.000 kroner i erstatning. I tillegg blei bedrifta dømd til å betale kvinna sine sakskostnader for tingretten på vel 300.000 kroner. Bedrifta anka saka til lagmannsretten, der anken no er forkasta.