– Godt å kunne jobbe med lengre horisontar

1. september 2020 var ikkje Tore Ulstein (53) lenger ein del av den daglege drifta i familiekonsernet – men han lever og andar framleis for Ulstein Group, lokalsamfunnet – og innovasjon. I dette intervjuet fortel han om overgangen – og kva han tenkjer om tida framover.

Over i ei anna rolle: Frå og med september 2020 var ikkje Tore Ulstein lenger visekonsernsjef i Ulstein Group eller administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions. Men – han heldt fram i styreverva sine – og jobbar no for familiekonsernet i ei anna rolle. Det gjer også søstera Gunvor Ulstein, som same hausten gjekk av som konsernsjef i Ulstein Group. – Vi byrja begge å kome i ein alder der det var greitt å gjere eit skifte over til ei meir tydeleg strategisk eigarrolle, seier Tore Ulstein.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Næringsliv

(Vikebladet Vestposten:) Vi har gjennom mange år vore vande til å sjå oppslag på oppslag om nye kontraktar eller andre nyheiter frå Ulsteinkonsernet – der Tore Ulstein, som regel i tospann med søstera Gunvor – har vore blant dei som har snakka med media.