Veit ikkje kven som skal plukke 500 tonn jordbær

Ein del jordbær kjem i sommar til å rotne i åkeren på grunn av mangel på nok plukkarar. Det fryktar ein av dei største jordbærbøndene i Valldal.

Blomstring: Jan Ole Fuglem ventar framleis på svar på om han får ta inn jordbærplukkarar frå Polen. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Næringsliv

– Regelverket blir endra heile tida. No har vi fått vite at vi først mot slutten av juni kan få svar på om vi får ta inn plukkarar frå utlandet, seier Jan Ole Fuglem.