Ingen negativ korona-effekt

Solid vekst og like solid overskot. Stranda Stålindustri AS opplevde ikkje nokon negativ koronasvikt i marknaden i fjor.

Utstyr: Stranda Stålindustri leverer utstyr til næringsmiddelindustrien.   Foto: Stranda Stålindustri

Næringsliv

– Vi leverer i hovudsak til næringsmiddelindustrien, ikkje minst til fiskerinæringa. Og der gjorde dei det godt i fjor, forklarer Gunnar Berge, medeigar og dagleg leiar i Stranda Stålindustri AS.