Utsleppsfri ferdsel vil koste 600 millionar

Det vil koste opp mot 600 millionar kroner for å nå målet om at all all ferdsel på Geirangerfjorden skal vere utsleppsfri frå 2026. Difor ber Møre og Romsdal fylkeskommune om statleg hjelp.

Legg føringar for skipa: Geirangerfjorden er ein av dei mest populære fjordane. men snart får berre utsleppsfrie skip kome inn her.   Foto: Halvard Alvik/NTB

Næringsliv

Stortinget har vedtatt at all ferdsel på Geirangerfjorden skal vere utsleppsfri frå 2026. Det vil krevje store investeringar i lokal infrastruktur – langt større enn vår region kan klare åleine.