No får dei halde søndagsope her

Heile Fjord kommune er no klassifisert som typisk turiststad, og dei to daglegvarebutikkane i Stordal får dermed lov til å halde søndagsope, til liks med dei andre butikkane i kommunen.

Stordal: Daglegvarebutikkane i Stordal får lov til å halde søndagsope. (Arkivbilde)  Foto: Fjord kommune

Næringsliv

Det har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal bestemt, etter søknad frå Fjord kommune.