Ikkje noko agurknytt herifrå i år

I nokre tiår dyrka Helgøy Gartneri agurk. På det meste leverte dei 120 tonn i året. No er det heilt slutt. Det kjem ikkje noko agurknytt frå Fiskå i år. No er det bær og frukt som tel.

Gartnarpar: Karin og Jan Helgøy har drive gartneri i 35 år. Først var dei store på tomat, så satsa dei stort på agurk. (Arkivbilde)  Foto: Marius Bøstrand

Næringsliv

– Det blir rart å ikkje ha agurk i gartneriet meir. Og mange av kundane som er innom spør etter agurken, seier gartnar Jan Helgøy.