Studentsamskipnaden i Volda:

Hyblar stod ledige og inntektene svikta

Økonomien i Studentsamskipnaden i Volda blei i fjor sterkt prega av koronapandemien, med mange ledige hyblar og mindre sal i kantina.

VOLDA: Studentsamskipnaden i Volda fekk mindre inntekter i fjor som følgje av pandemien. Arkiv  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Næringsliv

Høgskulen i Volda hadde rekordhøge 4279 studentar i 2020, men det økonomiske resultatet for Studentsamskipnaden i Volda blei sterkt prega av pandemien og nedstenginga av samfunnet.